Klokka er blitt ni, det kjennes som det er lenge sidan eg vakna. Trykket i hodet har ikkje gitt seg, ikkje tankane heller. Rundt og rundt, eg er svimmel. Er livet eit løp, eit løp med hinder du skal over, meistrar du dei, kjem du deg over eller snublar du? Er det nokon som måler rundetider, mellomtider, lengde, høgde og vekt, er du på høgde med deg sjølv, med dei andre? Eller er livet ei teaterscene? Teppet går opp, gå i gang, få sjå om du duger, her er ingen prøver, har du ikkje lært replikkane har du deg sjølv å takke! Har eg fleire sjansar, kan eg prøve å gjere det betre i neste akt, kan eg ta pauser? Eg veit ikkje kva akt det er no, eg veit ikkje når teppet går ned. Om berre trykket i hodet kunne forsvinne så eg kan følge med. Er det lov å ta ein tur ut i sola og ikkje tenke på noko? Eg gjer det, eg tar ein tur ut i sola.
PÅ JORDEN ET STED
Tro ikke frosten som senker
en fred av sne i ditt hår
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår
Tro ikke mørket når lyset
går ned i skumringens fang
Alltid er det på jorden et sted
soloppgang
Andre Bjerke
onsdag 6. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar